Grønnsakshagen

Brokkoli_01

Meir kortreist mat enn sjølvdyrka grønnsaker frå grønnsakshagen får ein ikkje! Vi har nok ikkje vore flinke nok med luking, men til tross for det ser det slett ikkje verst ut i grønnsakshagen nå. Grønnsakene er kortreist, doggfriske og garantert fri for sprøytemiddel!

Vi har allereie smakt på brokkolien, sjølv om den ikkje er heilt klar enda. Brokkolien er dyrka under fiberduk noko som gjer at vi unngår innsektsskade. Brokkoli har relativ kort veksttid, ca 60–70 døgn, og kan til husbruk dyrkast over det meste av landet.

Grønnkål_02For fyrste gong i år dyrka vi Grønnkål, og sjå kor fin den vart! Grønnkål er en variant av hodekål. I staden for hode utviklar den kraftige blad. Den er ein av dei eldste grønnsakane vi har og har eit høgt og mineral- og vitamininnhald. Grønnkål kan både plantast og såast. Vi kjøpte små grønnkålplanter og det fungerte fint.

Haustkål_03Høstkålen spirer og gror men er ikkje heilt ferdig enda.

Raudkål_03

Raukkål er ein av dei eldste grønnsakene vi har i Noreg og har vorte dyrka sidan vikingtida. Raudkål toler kaldt klima og egnar seg til dyrking i Vågå. Den flotte raude farga kjem frå eit stoff som heiter antocyanin.

Purre_01Purren er framleis liten og sped men kjem til å bli stor og fin! Romanesko_02Romaneskokål ser ut som ein blanding mellom brokkoli og grønnkål, og har fine grøne toppar. Kepalauk_01Kepalauk er det vi kallar gul lauk og trivst godt i hagen. Luking_01

Vi har ikkje vore alt for flinke til å luke men litt har det nå vorte…Troll_potet

Troll er det vanlegaste økologiske potetsorten i Noreg. Tidlegare har vi dyrka mandelpotet, eller “griseple” som det heiter i Vågå men dei var utsett for tørråte. Troll dermot er mykje mindre utsett for tørråte. Troll har skal med djup raudfarge og kjøtet er gult. Poteta er mjølen og god som matpotet.

Avlettekurs med bestemor

Avlettekurs_03Avletter ver mange plassar kalla Tynnbakkels eller Jønnbrød og er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl. Namnet avletto kjem av det kyrkjelege ordet oblat og vert nytta i Gudbrandsdalen. I dag hadde bestemor Astrid avlettekurs, Elisabeth var ivrig elev.  Avlettekurs_19

Både vedovn og vanleg elektrisk komfyr fungerer fint. Litt meir stemningsfullt med vedovn, men kanskje litt enklare med elektrisk komfyr.

Avlettekurs_02

Ei lite skjei med røre er nok til ei avlette.

Avlettekurs_06

Avlettekurs_08

I tidlegare tider vart avletter steikte i peisen, så dei retteleg gamle avlettjerna har oftast svært lange skaft. I nyare tid har avlettjerna vorte tilpassa ovn eller komfyr og dermed treng dei ikkje lenger ha lange skaft. Avlettekurs_16

Denne oppskrifta er kjem frå bondekvinnelaget i Vågå som har samla saman gamle oppskrifter.

Oppskrift: 1 liter fløyte, 1 liter vatn, 500 g kveitemjøl.

Visp fløyten til krem. Ha i vatnet. Rør inn kveitemjølet, og la dette svelle ein times til.  Steik i avlettjern. Pass på at jernet ikkje er for varmt. Legg så avlettene på eit tørt underlag.Avlettekurs_04

Prestgardshågein i Ullinsvin – ei perle i Vågå!

prestegårdshage_opprettaprestegårdshagen_01prestegårdshagen_06prestegårdshagen_12

I tidlegare tider var prestegarden i Vågå greinngard til Nordigard Blessom. Den gamle renessanse og barokkhagen i Ullinsvin har vorte restaurert, gamle stauder, gamle trapper, steinbenkar og liknande er henta fra. Nå har hagen vorte ei oase der bygdafolk og tilreisande søkjer opplevingar, inspirasjon, ro og kvile – om ein har lyst kan ein også plukke med seg urter frå Christine Munch sin urtehage.

Prestegardenfoto_06

Jo Visdal frå Vågå, studiekamerat av Edvard Munch frå Oslo og Paris, laga i 1886 ei byste av kunstnaren. Denne bysten i gips, har Unn og Birger Bostad fått låne av barnebarn og einearving til Jo Visdal. Bysta er nå støypt i bronsje, og står i Prestegardshagen.

Prestegardenfoto_09

Lysthuset frå 1806-07 er noko av det flottaste i hagen. Dersom ein åpner døra kan ein lese ein inskripsjon frå 1810:
Velkommen hver Ven og Veninde, som tækkes vil under mit Tag. Større Fryd jeg nød ingensinde End dem at mottage i dag. Naar blidere aarstid bortviger, Staar jeg forladt, lukket og tom. Men min Skytaand trøstende siger; Bær din Skjæbne taalig og from. Vælg Haapet til Sælskap og Støtte.Tænk glad på den kommende Vaar. Med dig vil man Stuen ombytte. Hver Mai i hundrede Aar. Saa svinde al Kummer og Klage fra hvert ømt og elskende Bryst. Af livets henilende Dage hver nyttes og nydes med lyst.

Prestegardenfoto_18Prestegardenfoto_24Prestegardenfoto_40Prestegardenfoto_20Prestegardenfoto_08

Vår og grønnsaksdyrking

Grønsakshage_02

Endeleg er det tid for å dyrke grønnsaker og poteter. Her køyrer Pål på jord slik at det skal gro enda betre!

Grønsakshage_03

Her vert det arda opp render som potetene vert planta i.

Grønsakshage_04

Nils kjem med ei heil kasse med settepoteter. Dette er poteter som har vore lagra frå sist år og som nå er klar til å bli sett i jorda. Potetene er av typen troll og trives godt i jorda på Nordigard Blessom.

Grønsakshage_06

Endeleg er det klart til å sette kålplantene i jorda. Dette året har vi grønnkål, blomkål, blokkoli, hodekål og ein heilt ny type vi ikkje har prøvd før, nemleg spisskål  – det blir spennande å sjå resultatet. Her er vår faste gartner Magnhild i gang med plantinga!

Grønsakshage_08Grønsakshage_09Grønsakshage_10Grønsakshage_12

Nye jordbærplantar må også i jorda, sidan mange av dei vil planta sist år ikkje overlevde vinteren. Ein del av dei vart nok mat til rådyra i vinter…

Grønsakshage_13

Slik ser ei nyplanta kålplante ut! Hodekål er kanskje den kålsorten som er enklast å dyrke. For å sleppe ugras vert kålplantene planta på plast, dessuten hjelp plasten til å halde på fukt. Oppå plantene er ein fiberduk som beskytter mot kålfluene. Framleis ser plantene små og pjuskete ut, men snart veks dei seg store og fine! Og i haust kan vi plukke deilige, store grønnsaker proppfulle av næring og antioksidantar, heilt utan sprøtemiddel – det er luksus!

Translation: Finally it`s time to grow potatoes and vegetables. To protect agaisnt unwanted crops are cabbage planted on plastic. At the top there is a geotextile that protects against insects. Still looking small, but soon they grow big and nice! And in autumn we can pick delicious, large vegetables filled with nutrients and antioxodants, completely without pesticides – it`s luxury!

Frukost

frukost_06 frukost_07 frukost_10 Frukost_20 Frukost_21 Frukost_41 Frukost_26

Noko av det aller koslegaste med å ta i mot gjester på garden er frukostane inne på det blå kjøkenet i hovedhuset. Til frukost har vi heimebaka brød – få ting er like godt som godt brød med rørt jordbærsyltetøy! Her er noen bilder fra sist sommar. Nå gler eg meg til vi på nytt kan gå ut i hagen og plukke rips, solbær og stikkelsbær rett frå buskene!

Translation: The nicest ting about having guests on the farm is the breakfast inside the blue kitchen in the main builing. For our breakfast we bake bread at night – few things are as good as warm bread with homemade strawberry jam! Here are some pictures from last summer. We are looking forward to walk out in the garden and pick currants, black currants and gooseberries straight from the bushes!

Barnedåp på Nordigard Blessom

Helma_08 Helma_12 Helma_09 Helma_10 Helma_02 Helma_03 Helma_07 Helma_13 Helma_18 Helma_19

I dag var det barnedåp på Nordigard Blessom for vesle Andre. Her er noko bilete frå selskapet. Vesle nette Helma har på seg Grafferbunad frå Lom som bestemora hennar har brodert! Fin, ikkje sant?

Translation: Today it was christening Nordigard Blessom for little Andre. Here is some picture from the day. Little sweet Helma is wearing Graffer costume from Lom as her grandmother has embroidered! Isn`t she Cute?

Vårens vakraste eventyr!

sau_inne_01sau_inne_02sau_inne_06sau_inne_07

sau-01 sau-04sau-08sau-09

Vårens vakraste eventyr er utan tvil lamminga! Og aller best er det når lamma blir slept ut på jordet for fyrste gong. Nokon vil heller spasere på tunet enn å vere på jordet, og det er også greit!

Translation: Spring`s mot beautiful adventure is without doubt the lambing. Some would rather walk in the yard than be on the field, and that is okay!