Grønnsakshagen

Brokkoli_01

Meir kortreist mat enn sjølvdyrka grønnsaker frå grønnsakshagen får ein ikkje! Vi har nok ikkje vore flinke nok med luking, men til tross for det ser det slett ikkje verst ut i grønnsakshagen nå. Grønnsakene er kortreist, doggfriske og garantert fri for sprøytemiddel!

Vi har allereie smakt på brokkolien, sjølv om den ikkje er heilt klar enda. Brokkolien er dyrka under fiberduk noko som gjer at vi unngår innsektsskade. Brokkoli har relativ kort veksttid, ca 60–70 døgn, og kan til husbruk dyrkast over det meste av landet.

Grønnkål_02For fyrste gong i år dyrka vi Grønnkål, og sjå kor fin den vart! Grønnkål er en variant av hodekål. I staden for hode utviklar den kraftige blad. Den er ein av dei eldste grønnsakane vi har og har eit høgt og mineral- og vitamininnhald. Grønnkål kan både plantast og såast. Vi kjøpte små grønnkålplanter og det fungerte fint.

Haustkål_03Høstkålen spirer og gror men er ikkje heilt ferdig enda.

Raudkål_03

Raukkål er ein av dei eldste grønnsakene vi har i Noreg og har vorte dyrka sidan vikingtida. Raudkål toler kaldt klima og egnar seg til dyrking i Vågå. Den flotte raude farga kjem frå eit stoff som heiter antocyanin.

Purre_01Purren er framleis liten og sped men kjem til å bli stor og fin! Romanesko_02Romaneskokål ser ut som ein blanding mellom brokkoli og grønnkål, og har fine grøne toppar. Kepalauk_01Kepalauk er det vi kallar gul lauk og trivst godt i hagen. Luking_01

Vi har ikkje vore alt for flinke til å luke men litt har det nå vorte…Troll_potet

Troll er det vanlegaste økologiske potetsorten i Noreg. Tidlegare har vi dyrka mandelpotet, eller “griseple” som det heiter i Vågå men dei var utsett for tørråte. Troll dermot er mykje mindre utsett for tørråte. Troll har skal med djup raudfarge og kjøtet er gult. Poteta er mjølen og god som matpotet.

2 thoughts on “Grønnsakshagen

  1. Så flott med knasferske, ureiste grønnsaker! Ellers takk igjen for nydelig mat og god søvn siste natta i juli. Vi storkoste oss på denne nydelige plassen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s